Konsert i Skjoldastraumen Kyrkje

Konsert 24. juli, Skjoldastraumen Kyrkje kl 20.00

Bill kr 200

 

Tenorane Hundsnes & co

 

”Fantastiske Tenorar” skreiv Tysvær Bygdablad etter julekonserten i Tysværtunet i fjor. Denne konserten var gruppa sin debutkonsert, og nå kjem dei tilbake til Tysvær med konsert i  Skjoldastraumen kyrkje sundag 24. juni.

Her vil publikum bli servert ein variert meny av klassiske svisker,  musikalsongar og viser. Alt baka inn i ei uformell og humørfylt ramme.

 

Tenorane vil blant anna synge Funiculi funicula, Schraders’s Sommernatt og That`s Amore, men også andre favorittsongar som ein ikkje nødvendigvis høyrer for ofte, som Ragnar Hovlands vakre gjendikting av ”You´ll Never Walk Alone”, ”Eg er alltid der hos deg” .
Tenorane er tysværing Henrik Hundsnes, stordabu Aasmund Kaldestad og trønderen Ola Marius Ryan. Med seg bak pianoet har dei Bjørge Verbaan.

 

Velkommen til ein kveld med kraftfull og vakker tenorsong.

 

Hilsen Dag Tormod