Sluse historie

gammalt slusebildeSLUSE OG BRU OVER STRAUMEN – 100 OG 75 ÅR I ÅR!

Slusene i Skjoldastraumen vart tekne i bruk hausten 1908 . Då hadde ein i fleire tiår prøvd å betra situasjonen for båttrafikk gjennom Skjoldastraumen med mudring og muring i sjølve straumen. Dette hjelpe berre for mindre båtar, og ettersom handelen auka og behovet for større båtar dermed auka, vart det i 1895 bestemt å byggja ein 460 meter lang kanal med kammersluse og portar for låg- og høgvatn gjennom eit eid ved Straumsholmen. Slusa skulle vera 10 meter brei og 3 meter djup.

14.november 1908 vart slusene offisielt opna ved at D/S ”Karmøy” og Stavangerbåtane ”Robert” og ”Skjold” kom inn fjorden og passerte gjennom slusene. Mykje bygdefolk samla seg rundt på kaiområdet og var med på sluseopninga som skulle bety mykje for samferdsla for bygdene nord for straumen. Det vart fast båtrute til Stavanger, og dei neste femti åra gjekk skipa ”Robert”, ”Sandeid” og ”Hjelmeland” kvar sin periode fast i denne ruta. Seinare gjekk ”Espedal” og ”Isvik” fast i Skjoldasruta. I tillegg vart slusene mykje nytta av frakteskuter med sand og andre varer.

Etter kvart som bussruter vart starta i bygdane og handelen med Haugesund auka, kom behovet for å køyra bil over slusa og straumen. Det vart bygd ei svingbru over slusa og bru over straumen. I 1933 opna bruene og ein kan i år feira 75års jubileum for desse.

Statens Vegvesen har no restaurert fleire av sluseportane. 100 år har tært kraftig på dei og stålplater og ein del bjelkar er skifta ut. Dåfjorden Slipp har restaurert  portane og alt stål som er erstatta, er klinka slik ein gjorde for 100 år sidan. Treverket er teke av og montert på ny – det gamle teak-treverket har halde seg svært godt. Heile kanalen er mudra for lausmasse og svært mykje masse er teke opp og køyrt bort.

Medan sluseanlegget i 1908 kosta kr.161.660, kostar restaureringa 100 år etter kring 4,5 mill.kr. Dette er betalt av Rogaland fylkeskommune og kommunane Tysvær og Vindafjord.

Sjølv om det framleis er nokre fraktebåtar som går gjennom slusene, er nok i dag fritidstrafikken gjennom dei  større. Slusene har alltid vore ein møtestad for folket i Skjoldastraumen, men takka vere frivillige entusiastar i Sluselaget samlar no slusedagen fleire folk ved slusekanten enn nokon gong før i slusa si historie.¨

05.07.2009