
Barnehagesaken i Skjoldastraumen 24/5-12
Kommunestyret har gjort eit vedtak der rådmannen har fått fullmakt til å forhandle med Trygge Barnehager om bygging og drift av ein ny barnehage til erstatning for eksisterande barnehage i Skjoldastraumen.
Kommunen arbeider nå med å avklare kostnader med veg, vatn/avløp og andre tekniske anlegg og korleis desse kostnadene skal fordelast, m.a. på den nye barnehagen. Kommunen reknar med å ha avklart forhandlingssituasjonen med Trygge Barnehager i løpet av august, og rådmannen vil så snart som mulig etter dette legge fram ny politisk sak der det skal takast stilling til om det er grunnlag for å inngå avtale med Trygge Barnehager.
Vidare framdrift må avklarast med Trygge Barnehager, i ein evt. avtale med dei, og er i tillegg avhengig av kor fort det kan byggjast veg inn til tomta. Dette vil bli avklart i kommunen si vidare behandling av saka, venteleg i september.
Les sakdokumenta her: Ny barnehage saksdokument
les også artikkel i H-avis
av Synne B. Pedersen
for Skjoldastraumen bygdalag

Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.