Skjoldastraumen kyrkje

Nær kyrkja i Straumen

Kyrkja 100 år

Den 17. november i 1910 blei Vordeneste kapell innvia. Det var Prost Geelmyden som vigsla kyrkja som etter kvart fekk namnet Skjoldastraumen kapell. I 2002 bestemte soknerådet at den skulle heite Skjoldastraumen kyrkje.

I år, 2010, er det hundre år sidan kyrkja stod ferdig. Soknerådet har lagt til rette for at det skal bli markert med eit jubileumsår, og det er allereie mange som er i gang med førebuingar til jubileumsmarkeringar. Sundag  7. november vert det jubileumsgudsteneste med deltaking av biskop Erling Pettersen og andre inviterte. Men frå mai og til desember vil det vere mange andre jubileumsmareringar. Solveig Selvåg er leiar for Jubileumskomiteen.

Jubileumsprogrammet er klart.

Sjå her

  

Jubileumsbok

Det er mykje vi ikkje veit om Skjoldastraumen kyrkje. Ein redaksjonskomite leia av professor Nils Olav Østrem har i eit års tid arbeid med det som skal bli ei flott jubileumsbok for kyrkja. I boka vil kyrkja si historie bli meir kjent, men vi legg og vekt på å gje eit bilete av kva kyrkja og trua har betydd for livet i bygda opp gjennom historia. Det er mange frå bygda som er i ferd med å gjere klar stoff til boka, bl.a. Straumen Skule. Jubileumsboka vil bli klar og vert presentert under bLEST festivalen 3.-9. november.

Kyrkja vert vøla

For tida er det eit stort arbeid på gang for å reparere råte reisverk i tilknyting til grunnmur og skifte dårleg kleding. I forbindelse med at kyrkja skal malast blei ein byggmeister engasjert for å vøle synlege roteskadar. Dei som har gamle hus veit at som regel er det meir roteskadar enn det ein ser og det viste seg å vere sant med kyrkja. Men soknerådet er glad for at ein no har anledning til å ha ein grundig gjennomgang av kyrkja og skifte ut og reparere dei stadane som er skada av råte.  Og så vil kyrkja visa seg i topp stand og pent pynta til sommaren 2010.

 

Skjoldastraumen 18.jan 2010