STRAUMEN SKULE: SKUM: Krabbar med neglelakk.

Gjennom «Den naturlige skulesekken» har me fått samarbeid med Havforskningsinstituttet (HF) i Bergen. Difor har nokre av krabbane på Notaflot fått neglelakk på skalet. Les meir om kvifor.

 

På oppdrag frå HF har me forska på strandkrabbane i Skjoldastraumen. Dette prosjektet på HF starta i Tvedestrand og har spreidd seg langs kysten. Hos oss er strandkrabbar ein naturleg del av dyrelivet i fjæra, medan dei i andre delar av verda er ein uynskt inntrengjar. På bl.a heile det amerikanske kontinentet og i Australia truar dei det naturlege mangfaldet. Det er difor av global interesse å skaffa kunnskap om Carcinus maenas.

Det var første, andre, sjette og sjuande klasse som fekk jobben. Den gjekk ut på å fanga så mange krabbar som mogeleg på Notaflot i løpet av ein time. Alle blei registrerte med kjønn, farge og storleik. Alle fekk merke med neglelakk på ryggen før dei blei kasta uti igjen.

Etter lunchpause for krabbar og elevar var det på’an igjen og fanga på nytt. Me fann både gamle kjenningar med neglelakk og nye krabbar. Gjennom ein formel med fangst og gjenfangst kan ein på vitskapeleg vis rekna ut den totale bestanden på stranda. Me sender resultatet til HF der det går inn i det samla materialet og hjelper til med å seia noko om strandkrabbane på Norskekysten.

Når me først brukar ein (fantastisk flott) deg ved sjøen, fekk elevane som ikkje var på krabbeskiftet prøva seg i kano. Knut Arild Sørensen frå ein annan samarbeidspartnar, Friluftsrådet Vest, stilte med sju kanoar og instruksjon i sikker og rett bruk av båtane. Saman med kunnskap er gode opplevingar eit element som gjer at me verdset naturen og me kan leggja eit grunnlag for berekraftig bruk både som enkeltindivid og samfunn. Eller som læreplanane kallar det: «Undervisning for berekraftig framtid».

Nemnast må og at lunchen denne dagen var fiskesuppe kokt i gamma og slektningen av strandkrabben, taskekrabbe.

Me kjem tilbake med resultatet av undersøkinga når me har rekna på innsamla data.

c d e (1) f g a b

Skrive av Jan Helge Øvernes