FOLKEMØTE! hva med Skjoldastraumen

Folkemøte på Grendasenteret tirsdag 19.februar kl 19.30

 

Hva er planen for Skjoldastraumen?

 

 

–         Hva skjer i forhold til barnehage?

–         Hva er planen for grendasenteret?

–         Når skal trafikkforholdene løses og hvordan?

 

 

 

Nok er nok – nå krever vi svar!

 

 

Møt opp på Grendasenteret 19.februar og vis ordfører, rådmann og politikere at vi er mange som bryr oss om bygda vår!!!

 

Arrangør: Aksjonsgruppa Skjoldastraumen i fokus som består av representanter fra foreldregruppene ved barnehage og skole, bygdelaget, pensjonistene og andre lag og foreninger.

 

BAKGRUNN FOR MØTET:

Hva er bakgrunnen for at aksjonsgruppen startet?
Bygda Skjoldastraumen har venta på ny barnehage i mange år. Grendasenteret i Skjoldastraumen blei bygd med tanke på at unge og eldre skulle vera saman og dette fungerte greitt heilt fram til behovet for barnehageplassar blei større enn barnehagebygget/delen romma. I år 2000 kom forslaget om å midlertidig ta halve stova til grendasenteret og nytte dette arealet til barnehage. Det vart mykje uro i bygda av denne saka, og spesielt dei eldre reagerte kraftig på denne løysinga. Likevel valde politikarane å gå for ei slik løysing og dette har fungert dårleg i dei siste tolv åra. Arealet er ikkje egna til barnehage og er difor ikkje tilfredsstillande for barnehagebruk. Det er og utfordrande at denne avdelinga/dette arealet til ei kvar tid kan lånast ut og at barnehagen då må flytte barna på denne avdelinga inn på ei anna avdeling. Bruken av grendasenteret blir og begrensa når halvparten av det opprinnelege arealet blir nytta av barnehagen. T.d har ein ikkje tilgang til kjøkkenet osv. Gleda var difor stor når det i 2009 blei bestemt at det skulle byggast ny barnehage i Skjoldastraumen. Dei siste åra har me venta spent på tidspunkt for byggestart. Hausten 2011 måtte ein til med modular/brakker for å få til enda ein midlertidig avdeling i Skjoldastraumen. Det har med andre ord ikkje vore tvil om at det trengst ny barnehage i Skjoldastraumen. I haust kom meldinga om at heile saka er utsett på ubestemt tid grunna den økonomiske situasjonen i kommunen. Dette meiner me som bur i Skjoldastraumen er langt frå godt nok. Både politikarane og rådmannen har visst om barnehagebehovet i Skjoldastraumen i mange år, dei har til og med vedtatt at det må byggast ny barnehage. Då er det ikkje godt nok å utsette bygging p.g.a for dårleg økonomi i 2012. Me undrar oss over at det ikkje er handlingskraft bak politiske vedtak som gjeld Skjoldastraumen, me har spørsmål om kva planar  Tysvær kommune nå eigentleg har – og me stiller oss kritiske til disponeringa av kommunen sine midlar når ein “plutseleg” ikkje finn pengar til planlagde utbyggingar i nokre delar av kommunen – men samstundes har pengar til nye utbyggingsplanar i andre delar av kommunen.
 
Me har og vore i kontakt med både rådmann og politikarar og fått tilbakemeldingar om at dei no vil sjå på moglegheitene for å ta i bruk heile grendasenteret til barnehage. Dei vil altså ta frå oss samlingshuset me har her i bygda, dei vil fjerne tilbodet til dei eldre, ta frå oss moglegheitene til å gjennomføre vellukka arrangement som Sluseløp, Slusedag, basarar, møter osv. Det verkar som om bygda vår ikkje er vikig!  Me vil sjølvsagt bevare det viktige grendasenteret vårt, og me er heller ikkje villige til å ta til takke med eit halvdårleg barnehagetilbod med utilfredsstillande inne- og uteareal. Me er no lei av å bli haldne for narr, me er minst like verdifulle for kommunen som alle andre.  Me vil ha handling foran ord !
 
Det er og snakk om at politikarane vil sjå nærmare på skulesituasjonen i bygda. Det er allment kjent at mange vil ha dei små skulane i kommunen vekk så skulen går nok ei uttrygg tid i møte. Dette reagerer me sjølvsagt også kraftig på. At både rådmann, ordførar og politikarar kun tenker på kroner og ikkje på kvalitet kan jo gjere ein kvar innbyggjar uroleg.
 
Industrivegen som vil føre til meir trafikksikkerhet både i høve til skuleveg og trafikkbilde generelt i Skjoldastraumen har politikarane og lagt på is. Industrivegen er eit viktig element både i høve til parkering og trygg veg til skulen, adkomst til industrifeltet og adkomst til ny barnehage.
 
Det er altså mykje som burde vore tatt tak i når det gjeld bygda vår, og me opplever at både rådmann, ordførar og politikarane har vald Skjoldastraumen vekk i dei fleste samanhenger. Dette reagerer me på og me har difor danna ei aksjonsgruppe for å få meir fokus på det som faktisk er på gong i Skjoldastraumen og vegen vidare for bygda vår. Det er etterkvart mange engasjerte innbyggjarar i Skjoldastraumen og no har me danna ei gruppe med representantar frå dei ulike aktørane. Me står samla og no er det på tide å vise dei som sit med makta at ein ikkje berre kan ignorere oss fra Skjoldastraumen!
 
 
Hva vil vi ha utav møtet tirsdag?
Me har invitert til folkemøte for å vise at me er ei bygd full av engasjement og pågangsmot, og at me står samla om eit ynskje om å bevare grendasenteret vårt og få på plass ein ny barnehage. Me vil vise kva bygda har å by på og kva me ser føre oss i framtida. Me vil vise at me ikkje er nøgde med dagens situasjon i høve til barnehage og trafikksituasjon og me vil at politikarane fortel oss kva dei vil gjere for at det framleis skal vere godt å bu i Skjoldastraumen, både for unge og gamle. Me har venta lenge nok –  no vil me ha svar!
 
 
Hvordan har prosessen etter budsjettet ble kjent vært?

Det har vore vanskeleg å få gode svar på kva som blir vegen vidare for Skjoldastraumen. Me har vore i kontakt med politikarar, rådmann og barnehagesjef fleire gonger og me får ulike svar alt etter kven me pratar med. Me får ikkje klare svar i høve til korleis barnehagesituasjonen skal løysast, og det ser heller ikkje ut til at ei løysing er noko som blir prioritert. Det er utruleg slitsomt å heile tida måtte kjempe for selvfølgelege ting som barnehage, eldretilbod, trygg skuleveg og skule. Me har vald å busette oss i Skjoldastraumen fordi me synes dette er ein flottt plass å bu. Tala for befolkningsvekst syner økning. Det er trist at dei som skal legge forholda til rette for ALLE innbyggjarane i kommunen ikkje ser at barnehage, skule, trygg skuleveg og eldretilbod er viktige og avgjerande element for busetting. Partiprogram og kommuneplane og vedtak er fine i teorien – i praksis blir det litt annleis. I alle fall for oss i Skjoldastraumen.