Bli med på fjelltur!

Bjolandskjerringå 26.august kl 16.00

Vil du helse på Freikjerringa, tar du turen til Skjoldastraumen. Steinen på toppen av Freiåsen (Freåsen i daglegtale) er Bjolandskjerringå som vart til stein fordi Steinbrukjerringa var for sein med sengemat til henne. Ho rakk ikkje fram før sola rann, og uten grauten gjekk det gale. Freikjerringa står der også i dag, lett synleg på toppen av åsen.
Frå den historisk viktige Freiåsen kan ein skimte heile Skjoldafjorden – frå Borgøy i sør til Skjold i nord.

Høgda måler 152 meter frå havflata og er lett å nå.

Ta turen frå Erland, som ligg eit par km nordover før bruene i Skjoldafjorden, dersom du kjem vestfrå.

 

Tur gruppen i Skjoldastraumen bygdalag