Skjoldastraumen barnekor
Er du glad i å synge?
Er du mellom 0 – 8 år?
Då er du velkommen til Skjoldastraumen barnekor som øver i kyrkja torsdagar kl. 17.30-18.15!
Medan ungane syng, kan dei vaksne drikke kaffi og prate (stille:) i kyrkja.
Dei aller minste kan leike på golvet medan dei litt større syng og trallar framme i koret.
Ester og Kåre Åsheim er leiarar saman med Eldfrid Ørke.
Greta S. Elverhaug, kyrkjelydspedagog er kontaktansvarleg for barnekoret.
Dersom du lurer på noko, så ta kontakt med ein av leiarane!



Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.