Peder Strømsing

Bilde fra avdukingen på slusedagen 2009

Peder Strømsing alias Per Spelemann

Petter Strømsing 250 år

Bilde

Kulturminneåret 2009 blei markert med ny skulptur av Petter Strømsing i Skjoldastraumen.

Petter Strømsing 1759 – 2009 

I august 1759 vart Petter Christian Rasmussen, meir kjend som ”Petter Strømsing”, fødd på garden Gaupås i Skjoldastraumen. Han vart døypt i skjoldakyrkja 26.august same året. Familien var av reisande og dei budde på ein stad som heitte Smidjeurå like nord for Skjoldastraumen kyrkje. Der dreiv faren Rasmus som smed, og namnet på ura og plassen stammar truleg frå smeden Rasmus.

Familien høyrde til den kjente Vardal-slekta som kom frå Mjøsa, men Strømsingnamnet kjem frå den tid dei budde i Skjoldastraumen (strømmen).

Etter tiårstid i Skjoldastraumen flytta familien sørover, og seinare vart Petter Strømsing ein kjend spelemann særleg på Sørlandet. Alt som 15-åring kjøpte han seg ei fele og han reiste rundt i Rogaland, Agderfylka og Telemark. Her inspirerte han mange med sitt musikalske talent. I ”Gamalt or Setesdalen” heiter det om Petter Strømsing at han ”til å fela var ovmeister”. Fleire sagn eksisterar om Petter; han var så god til å spele at fela måtte vera magisk, den fortsette å spele etter at han la den frå seg! Ofte kappspela han med andre spelemenn. Petter var elles prest for folket sitt og ”vigde dei som ville i hop”.

Petter gifta seg med Gunnhild Toresdatter i 1780 åra. Dei fekk ti barn og Petter døydde 4.januar 1836, 75 år gammal på garden Tveiten i Sirdal. Han er også gravlagt i Sirdal.

I følge tradisjonen stammar folkevisa ”Per Spelemann” frå  Petter Strømsing.

Fela til Petter Strømsing – ”Strømsingfela” – vart også svært kjent innan folkemusikken. Den skal framleis finnast og vert i våre dagar spela på av musikaren Vidar Lande.

Last ned Peder Strømsing folder